Trailer coming soon
Detaljer
Aldersgrense
Alle
Premiere
Lengde
1 time 11 min
Sjanger
Dokumentar
Distributør
Euforia
Trailer coming soon
Kvar song ei soge
I songen skaper folk rundt Møsvatn, høgt til fjells, 900 moh og tett på Hardangervidda, meiningsfulle forteljingar i og om liva sine. Songane bind saman fortid og framtid, minne og forventningar. I eit ubrote samspel fortel songen historiar og skaper historie. Slik blir kulturarva levande i kvardag og fest frå vogge til grav.
Kultur er ikkje noko gitt, men ei alltid uavslutta oppgåve. Filmen handlar om å ta vare på ein eldgamal tradisjon og å utvikle han vidare. Varmt og nært, muntert og sorgfullt blir det i KVAR SONG EI SOGE fortalt om det å høyre til, reise bort og å lengte heim.
Om regissøren:
Aaslaug Vaa (født 1955) er utdanna agronom, allmennlærar og cand. phil. med fagkretsen historie, filosofi og kunsthistorie. Ho har jobba i kultursektoren sidan 1981.
Aaslaug var kino- og kultursjef i Åsnes frå 1981 til 1986 og fylkeskultursjef i Nordland frå 1986 til 2008. Under hennar leiing vart det etablert institusjonar som m.a. Figurteateret i Nordland, Nordland kunst- og filmfagskole, Arkiv i Nordland, Kulturminner i Nordland, Hamsunsenteret på Hamarøy samt "Skulpturlandskap Nordland". I tillegg har ho hatt ein rekke styreverv i norsk kulturliv, samt vert
redaktør og forfattar på fleire publikasjonar.
Ho har regissert den prisbelønte SING LINGELING som mottok NRKs publikumspris under Kortfilmfestivalen i Grimstad 2014, er vist ved ein rekkje norske filmfestivalar, innkjøpt av NRK Super og biblioteka, samt vist på Aftenposten TV.
I tillegg har ho produsert STJERNER OVER LOFOTEN og REISEN GJENNOM LOFOTEN. KVAR SONG EI SOGE er hennar fyrste dokumentarfilm.
Denne filmen hadde premiere 2. December 2016. Det er for øyeblikket ingen planlagte visninger i
Annonse